Songtexte.com Drucklogo

Innegubbe Songtext
von Stein Torleif Bjella

Innegubbe Songtext

Har sett det ryk lenger ned.
Der bur det ein te
Som styre på med sitt.
Eg har vurdert å ta ein tur
Dit han andre bur
Og fortelja om mitt.
Kunne ha siti ved eit kjøkenbord.
Sett ut glaset mens tankan fôr
Over Sangenut.
Det har bygd seg upp so mangt.
Kjekt å møte folk i blant.
Koma seg litt ut.

Har alder meint å presse meg på
Men det kunne ha vore interessant å
Sjå og høyre koss andre lev og bur.
Kanskje har eg eit par tips på lur.
Eg vil ikkje bli ein innegubbe
Som står bak gardine som ein skugge.


Bli eg stille og går tom
Kan me la radion
Ta seg tå praten min.
Me kunne ha køyrt ein tur i soln.
Uppå åsen på inspeksjon
Som kompetanseteam.

Har alder meint å presse meg på
Men det kunne ha vore interessant å
Orientere om siste nytt.
Tilstandsrapport frå ein lenger upp.
Eg vil ikkje bli ein innegubbe
Som står bak gardine som ein skugge.

Om du treng ein venn midt i viku ell på fest.
So veit du kem som gjedne kjem som gjest.

Det er sure folk alle stad.
Ko er det dei alle ha
Mista true på?
Sjøl er eg sosial og lysteleg.
Sjøl om det ikkje alltid er
Like lett å sjå.


Har alder meint å presse meg på
Men det kunna vore interessant å
Prate litt om ting me burde ha gjort no
Og om dagens høge tempo.
Eg vil ikkje bli ein innegubbe
Som står bak gardine som ein skugge.

Om du treng ein venn midt i viku ell på fest.
So veit du kem som gjedne kjem som gjest.

Songtext kommentieren

Log dich ein um einen Eintrag zu schreiben.
Schreibe den ersten Kommentar!

Beliebte Songtexte
von Stein Torleif Bjella

Fans

»Innegubbe« gefällt bisher niemandem.