Songtexte.com Drucklogo

Rekneskapet Songtext
von Herborg Kråkevik

Rekneskapet Songtext

Kvar morgon når eg vaknar
Så fører eg eit rekneskap
Ein post for all mi glede
Og ei side for min saknad
Og eg vender meg mot morgonen
Og merkar at eg kviskrar;
Ta meg heim igjen,
Ta meg heim igjen

Om kvelden før eg sovnar
Så gløymer eg mitt rekneskap
Då skimtar eg eit ansikt
Og hugsar på eit famntak
Og utan at eg vil det
Så formar eg med munnen;
Ta meg med igjen,
Ta meg med igjen


Å kor lenge skal eg rivast
Mellom tryggheit og forandring
Å kor lenge skal det krigast
I eit′sinn så trøytt av handling
Og vil eg eingong vakna opp og sei;
Det er her eg høyrer heima
Høyrer heima

Ein morgon då eg vakna
Var valget teke for meg
Og dei som hadde venta på eit'svar
Var reist i frå meg
Eg reiste meg mot stilla
Og brølte utan blygsel;
Kom no heim igjen
Kom no heim igjen

Å kor lenge skal eg rivast
Mellom tryggheit og forandring
Å kor lenge skal det krigast
I eit′sinn så trøytt av handling
Og vil eg eingong vakna opp og sei;
Det er her eg høyrer heima,
Høyrer heima

Songtext kommentieren

Log dich ein um einen Eintrag zu schreiben.
Schreibe den ersten Kommentar!

Beliebte Songtexte
von Herborg Kråkevik

Fans

»Rekneskapet« gefällt bisher niemandem.