Songtexte.com Drucklogo

Du grøne, glitrande tre Songtext
von Herborg Kråkevik

Du grøne, glitrande tre Songtext

Du grøne, glitrande tre, god dag!
Velkomen, du som vi ser så gjerne,
med julelys og med norske flagg
og høgt i toppen den gylne stjerne!
Ja, ho må blenkja så vi må tenkja,
ja, ho må blenkja så vi må tenkja
på Jesus Krist, på Jesus Krist.


Den fyrste jul i eit framandt land
den store stjerna på himlen lyste.
Ho skulle syna for alle mann
den ringe heim som vår Frelsar hyste.
I stjerneglansen gjekk engledansen,
i stjerneglansen gjekk engledansen
om Betlehem, om Betlehem.

Om Jesus-barnet fortalde mor
om kvelden heime, når vi var inne.
Vi veit hans bod og hans milde ord,
og aldri dei skal gå oss or minne.
På han vi tenkjer når stjerna blenkjer,
på han vi tenkjer når stjerna blenkjer
på juletre, på juletre.

Songtext kommentieren

Log dich ein um einen Eintrag zu schreiben.
Schreibe den ersten Kommentar!

Beliebte Songtexte
von Herborg Kråkevik

Quiz
Whitney Houston sang „I Will Always Love ...“?

Fans

»Du grøne, glitrande tre« gefällt bisher niemandem.