Songtexte.com Drucklogo

Rakkettlender Songtext
von Geirr Lystrup & Godtfolk

Rakkettlender Songtext

Ja, la dei ha rakettar og så mange som dei vil
- men ikkje her omkring, berre ikkje heromkring
Og la dei ikkje peike denna vegen er du snill
- ikkje hit imot våre fjell
Eit forsvar må vi ha som er militant og bra
- suddili og suddila, som er militant og bra
Men dessa fæle våpna kan dei ha ein annan stad
- ikkje her bak våre fjell


Ja, la dei berre fyre av dei bombene dei kan
- men ikkje her omkring, berre ikkje heromkring
Kvarandre kan dei gjerne bombe ned til sot og sand
- men ikkje her bakom våre fjell
Ein krig er alltid sørgelig, men bra å ha fordi
- suddili og suddila, alltid bra å ha fordi
Den stimulerer veksten i vår eigen industri
- som ligg her bak våre fjell

Det kjem vel snart eit ragnarokk då heile verda brenn
- men ikkje her omkring, berre ikkje her omkring
Og drønnet får vi høyre som eit ekko smått om senn
- heilt hit bakom våre fjell
Og detta kan vi sjå på i eit TV-apparat
- suddili og suddila, i eit TV-apparat
Så sender vi ein hundrelapp til medisin og mat
- frå oss bak våre fjell


Så regner det vel oske i ein vinter og ein vår
- men ikkje her omkring, berre ikkje her omkring
Til sommars kan vi ta ein tur og kikke koss det går
- på hi sida våre fjell
Så knipsar vi ruinar frå Uniten til Moskva
- suddili og suddila, frå Uniten til Moskva
Og finst det att ein Kinaputt skal det bli skøy å ha
- som souvenir bak våre fjell

Songtext kommentieren

Log dich ein um einen Eintrag zu schreiben.
Schreibe den ersten Kommentar!

Fans

»Rakkettlender« gefällt bisher niemandem.